lørdag 22. desember 2012

Bok 85 2012: "Alef" av Paolo Coelho

Coelho er ein høgt verdsett forfattar, og han er mest kjend for boka "Alkymisten". Eg har tidlegare lese både den og minst ei bok til av denne brasilianske forfattaren.

Handlinga i "Alef" dreiar seg mykje om reiser. Eg-personen har kome til eit punkt i livet då han vil finne ny meining, og han reiser derfor blant anna på ein boklanseringsturné med den Transsibirske jernbanen. Her møter han den unge fiolinisten Hilal, og saman har dei mange viktige og djupe samtalar.

Handlinga er mindre viktig enn det filosofiske aspektet ved romanen. Coelho vert ofte sitert, og det er ikkje utan grunn. Mykje av det han skriv er vakkert formulert utan å verke klisjéprega.

1 kommentar:

  1. Eg har lese mange bøker av denne forfattaren utan å få særlig mykje ut av dei. Men eg trur ikkje mange forfattarar er meir sitert enn han.

    SvarSlett