tirsdag 4. desember 2012
Bok 80 2012: "En helt annen historie" av Håkan Nesser
Dette er den andre boka i serien om kriminaletterforskar Gunnar Barbarotti, og den er langt betre enn den første. Barbarotti får eit brev der nokon seier dei har tenkt å drepe Erik Bergmann, og dermed er dramaet i gang. Vi får høyre historia om korleis mordaren sender brev og lik vert funne, parallelt som ei heilt anna historie vert fortalt om nokre hendingar i Frankrike fleire år tidlegare. Spenninga stig, og løysinga er vanskeleg å føreseie. Slik skal kriminallitteratur vere, etter mitt syn, sjølv om løysinga kanskje er litt spesiell. God underhaldning er det uansett!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Den første boka er eigentlig den dårlegaste i kvartetten. Du får nok sansen for Håkan Nesser etter kvart. Men han har også skrive direkte dårlige bøker. Gled deg til nr.3
SvarSlettEg er godt i gang :)
SvarSlett