fredag 31. august 2012

Bok 56 2012: "Brente skygger" av Kamila Shamsie

Den pakistanske forfattaren skriv på engelsk, men eg har lese boka som norskspråkleg lydbok. Ein av hovudpersonane er ein gut med japansk mor og pakistansk far, som mellom anna gir seg ut for å vere afghansk Hazara. Vi fyl familien hans frå andre verdskrig fram til vår eiga tid, frå bombinga av Nagasaki til tida rundt 9/11. Handlinga er mellom anna lagd til Japan, Pakistan, Afghanistan og USA, og fleire viktige historiske hendingar dannar bakteppe.

Boka tek føre seg mange ulike tema, der det viktigaste er kulturmøte og kommunikasjon. Det kan vere vanskeleg å henge med i svingane til tider, men det er ingen tvil om at dette er verdslitteratur av klasse.

7 kommentarer:

  1. Eg tykte forfattaren prøvde å få ei alt for stor og omfattande historie inn på altfor liten plass. Her er så mykje som kunne vore dvelt litt lenger ved.Eg har faktisk fleire gonger vore freista til å lese den om att , for her får vi innsyn i ein del av verdshistoria som ikkje har vore skrive så mykje om før.(I alle fall som eg har lese)

    SvarSlett
  2. Eg likte ikkje at Kosovo vart nemnt - det vart hakket for mykje for meg, sidan det ikkje vart anna enn nemnt i forbifarten.

    SvarSlett
  3. Her er i grunnen mange historier, kunne blitt ein bra trilogi.

    SvarSlett
  4. Måtte sjekke kva eg sjølv hadde skrive:
    http://solveigsiside.blogspot.no/2012/03/bok-15-brente-skygger.html
    (Ikkje så positiv som du.)

    SvarSlett
  5. Eg las boka i 2011, og blogga om den då.

    SvarSlett
  6. Jeg elsket boka! Hørte den også som lydbok og jeg anbefaler den til alle lånerne på biblioteket som vil høre en god historie. Syns den er spennende, og godt lest inn.

    SvarSlett
  7. Opplesinga er svært god, noko som gjer sitt til at leseopplevinga blir god.

    SvarSlett