fredag 10. august 2012

Då blemmene sprakk

I føremiddag hadde eg ein "date" med ein kollega som bur i nærleiken. Ho hadde ein del stauder eg kunne få, og det var eit tilbod eg ikkje kunne la gå ifrå meg.


Det vart ein del arbeid å få staudene i jorda og tømme på meir mold. Etter det raka eg vekk småkvistar og lauv som låg att etter gårsdagens arbeidsinnsats, og då vart eg så inspirert at eg avslutta arbeidsdagen med å klippe plenen på oppsida og baksida av huset. Då sa det bom stopp for armane, og i tillegg sprakk vassblemmene i hendene. Nok er nok. I morgon skal eg klippe resten av plenen på nedsida, og så bør eg vaske huset med grønsåpe, såpass eg blir rein til skulestart...

2 kommentarer:

  1. Det har vorte kjempefint med deg etter ein kjempeinnsats. Grønsåpe hjelper nok både for skit og bakteriar!

    SvarSlett
  2. Eg har fått klarsignal frå skogeigaren om at han har tre nok, og at eg berre må fjerne det eg ønskjer av tre rundt huset. Det blir truleg noko saging framover!

    SvarSlett