onsdag 8. august 2012

I dag har eg gjort ein heil haug

I dag skulle eg bruke dagen til hagearbeid, sidan skritt-teljaren min forsvann på fjellet i går og det dermed ikkje var noko poeng i å gå på tur. Eg brukte ein del tid og krefter på å klippe greiner og oppveksande små tre langs oppkjørsla, og i tillegg slo eg gras med kantklipparen. Kunsten var å sette att villroser, vivendel og markjordbær, men fjerne ein del andre vekstar. Resultatet vart bra. Sjølvskryt er alltid ærleg og godt meint.

Undervegs i prosessen sat eg på huk og luka, då eg plutseleg kjende noko svi i korsryggen. Det viste seg at eg hadde fått buksa full av illsinte, små, brune maur, og i panikk vrengde eg av meg buksa og la på sprang innatt. Heldigvis var det midt mellom ferjetidene, så eg slapp publikum. Litt drama må ein unne seg.

4 kommentarer:

  1. Æsj! Eg synest å hugse at 2 timar hagearbeid tilsvarte 10 000 steg då eg var med i dytt.no. Hagearbeid er fin trim, og så viser det som regel att.

    SvarSlett
  2. Eg kjenner det i alle fall godt i armane, og har fått ei blemme i eine handflata. Men det vart mykje finare, og det begynte å pøsregne rett etter at eg var ferdig, så eg er godt nøgd.

    SvarSlett
  3. Drama de luxe! Imponert over arbeidsinnsatsen!

    SvarSlett
  4. Eg burde ha teke bilete før eg begynte, for det vart verkeleg mykje finare. At det begynte å pøsregne like etter at eg var ferdig, ser eg på som ekstra bonus.

    SvarSlett