søndag 10. februar 2013

Bok 8 2013: "Usynlig" av Paul Auster

Boka begynner med ei forteljing om ein ung gut som møter ein forleggar, som vil støtte han økonomisk for at han skal kunne starte opp eit litterært tidsskrift. Forleggaren har ein fransk kjærast, og den unge guten vert vikla inn i eit trekantforhold. Så langt er boka verken original eller innfløkt, men så løyser forfattaren opp ved å innføre ein ny hovudperson, som blir kontakta av den unge guten frå den første historia, og resten av boka fortel historier med vekslande synsvinkel. Det er sterke historier, og forfattaren skriv drivande godt.

Eg fekk ikkje så mykje ut av slutten, må eg innrømme, og hadde vel venta ei slags oppklaring som i ein kriminalroman. Eg leita faktisk i omslaget om der var ein cd til.

Nokre samanliknar boka med filmane til David Lynch, og eg skjønar kva dei meiner.

2 kommentarer:

  1. Denne boka må eg lese ein gong til, trur eg.(Har den liggande på data). Og eg har etterlyst (Biblioteket i Ålesund) om det finst fleire lydbøker av same forfattar. Såg du han på Skavlan forresten?

    SvarSlett
  2. Nei, dessverre, her var ein annan kanal i bruk. Skal prøve å finne det på nett.

    SvarSlett