torsdag 21. mars 2013

Av barn og fulle folk

Å ha ein ungeflokk i hus, medfører mange morosame stunder. Her er eit lite knippe frå dei siste dagane:

"Mamma, sånn berre for å oppmuntre mej litt, kankje du sei på første april at ej ikkje skal til tannlegen tredje april likevel?"

 "Dei mummitroll-episodane der Hufsa e med burde ha hatt 18-års aldersgrense"

Sms frå Storegut seint tysdag kveld:
"Ej fe sitte på med J heim, so du kan berre bjønde å drikke dej drita no"

Og dagens Minstemann, til si forkjøla mor:
"Mamma, du ligna på han der Gollum i Ringenes Herre. Jaffal når du nyse"

Førre torsdag vart det gjort narr av barnekommentarar på facebook i programmet "Torsdag kveld fra Nydalen", eitt av yndlingsprogramma mine. Eg følte meg litt truffen, men kjem truleg til å halde fram med å dele dei gode kommentarane. For ordens skuld legg eg til at eg spør dei to mellomste om det er ok. Dersom dei hadde sagt nei, ville eg ha utelate kommentarane deira. Det same gjeld sjølvsagt bilete av borna.

Illustrasjonen er eit bilete av Gollum, ikkje ein av ungane. Eller meg, trass i at eg er svært forkjøla.

5 kommentarer:

  1. Heilt enig når det gjelde Hufsa... der snakka en traume der...

    SvarSlett
  2. Eg kan ikkje hugse at dei har sett så mykje mummitroll-filmar, men noko har tydelegvis prega dei.

    SvarSlett
  3. Ein sommar eg var her åleine på dagtid(Nils var på arbeid)-sat eg og såg Mimmitroll-program heilt for meg sjølv, og likte det.
    Elles registrerer eg at tonen mellom foreldre og barn er annleis enn i min barndom.

    SvarSlett
  4. Dei har vel oppdaga og erfart at eg set pris på ein småfrekk replikk, viss han er god...

    SvarSlett