lørdag 30. mars 2013

Langtur på langfredag: Åheim og Selje

Turen gjekk i dag først til Åheim, der vi såg den gamle St Jetmundskyrkja, eit olivinbrott og ein dobbeltmordåstad frå 1979. Deretter gjekk turen til Selje, og til Skårbø og den fråflytta garden Aardal, der vi fekk sjå sola gå ned i havet.





I dette grøne huset på Eikremseter skjedde ein grusom tragedie 29. september 1979. Ei 16 år gamal jente var sambuar med guten i huset, men han enda opp med å skyte henne og hennar nye kavaler då dei kom for å hente tinga hennar. Ein 16 år gamal gut sat i baksetet på bilen dei kom i, men han vart ikkje skoten. Kommentaren frå drapsmannen var: "Du hekje gjort mej noke". Etter å ha levd nokre dagar på rømmen i fjella mellom Syvde og Åheim, vende han attende til barndomsheimen for å få mat. Faren ringde då politiet, og guten vart pågripen.

Straffa vart ti års fengsel, og i 1989 flytta han heim att. Det var ikkje enkelt å kome attende til nærmiljøet, og til slutt forsvann den drapsdømde. Levningane hans vart funne i ei steinur eit år senare. Han hadde skote seg sjølv.







I Selje sentrum står eit skilt som peiker mot Skårbø. Det er berre 4 km dit, og då sluttar vegen. Derifrå kan ein gå utover fjøresteinane til ein nedlagd gard, der ein dreiv med geitehald fram til 1957. Garden ligg i ei bratt ur, og der var ikkje akkurat lettstelt. Utsikta, derimot, var fantastisk. Ein kunne mellom anna sjå Selje, Selje kloster, Kråkenes og ein nydeleg solnedgang i havet.





3 kommentarer:

  1. Eg har faktisk vore i Almklovdalen eit par gonger. Sist gong etter at eg vart pensjo. Eg meiner dei har slutta å ta ut olivin der no?
    Morda kan eg ikkje hugse, men med så mange mord, reelle og fiktive, som eg er borti, kan det bli mykje å halde styr på. Greitt å ha med seg ein journalist.....

    SvarSlett
  2. Olivinuttaket held fram, men på stadig nye stader. Det vi såg nærare på, var i hovudsak brukt på 1940-talet, og såra i naturen er enorme. Områda er direkte farlege, og sikringa er elendig. Likevel vitnar det om hardt arbeid og mykje pengar. Det er praktisk å ha med ein lokalkjend journalist som kan og veit mykje om mangt!

    SvarSlett
  3. Eg fekk og lyst dit! Mange fine bilde både frå dag og kveld!

    SvarSlett