mandag 25. mars 2013

Når "alle andre" går på ski...

Det er fantastisk flotte dagar, og slik skal det visst halde fram. I følgje facebook er eg nesten den einaste i distriktet som ikkje nyttar dagane til ski og fjell. Eg gjorde eit forsøk søndag, men det vart berre ein fottur i lavlandet då òg. Turmåla mine er ikkje så interessante som fotomotiv lenger heller, og det er lite å blogge om. Føremålet med turane er å få mosjon og å lytte til Knausgårds "Min kamp 6"; ei lydbok som det tek lang tid å lese (45 timar og 20 minutt, faktisk).

Søndag og måndag har eg dessutan arbeidd hardt og intenst med rettebunkane mine, og no ser eg enden på skulearbeidet. Ei lita økt med kontroll-lesing og karakterføring er alt som skal til før eg kan ta ferie på alvor. Då skal det bli skikkeleg påskekos - med eller utan ski.




2 kommentarer:

  1. Sjarmerande påskepynt, ein krysning mellom engel og kylling? Typisk påske med andre år, og symbolikken er klar, den eine opna grava, den andre egget.

    SvarSlett
  2. Noko av høgdepunktet før ei høgtid er å få heim ungane sin sjølvlaga pynt. Denne er det Minstemann som har laga, så han kan visst å strikke...

    SvarSlett