lørdag 30. mars 2013

Påskeaftan på Eika









Då Eiksundsambandet vart bygt, kom det fastlandssamband også til øya Eika, som ligg i ytre enden av den undersjøiske tunnelen. Eg har ofte sagt at eg har hatt lyst til å gå tur på øya, og i dag baud høvet seg. Medan "folk flest" valfartar til skiløypene i det strålande påskevêret, har eg hatt nok med å nyte våren i låglandet og i ytre strok. Våren ute i øyane er noko heilt for seg sjølv, og det var fantastisk utsikt i fleire himmelretningar på denne vesle perla av ei øy.

5 kommentarer:

  1. Der er nydeleg på Eika. Vi bruker å gå der ein gong i året etter ein Hareidtrimpost, men dei vert lagt ut seinare.

    SvarSlett
  2. Vi gjekk berre i den eine retninga, så det blir truleg fleire turar ut dit for å inspisere resten av øya. Nydeleg plass!

    SvarSlett
  3. På ein blikkstille dag kan vi ta båten ut. Vi har kjørt rundt øya med båt utan å gå på land. Eg lengtar mot havet og våren i påsketider, kanskje fordi vi ofte reiste til Solund i påska før i tida.

    SvarSlett
  4. Ja, eg kjenner òg mest eit ønske om vår på denne tida. Hugsar påskene i Solund med snøfrie markar og av og til sauer ute.

    SvarSlett
  5. ... og så kom vi attende til full vinter som i dag.

    SvarSlett