onsdag 6. mars 2013

Roleg fri-onsdag

Etter ein sein frukost gjekk dei to små og eg inn i Mjeltvika og snudde. Vi rusla sakte og snakka om laust og fast slik vi plar gjere, for vi visste vi ville få nok mosjon seinare på dag. Religion og hunderasar var dei mest sentrale temaa på dagens tur.

Ungane gjorde unna leksene medan eg laga middag. På menyen stod steikt fiskepudding, for det er ikkje den bortreiste Eldstejenta så begeistra for. Storegut fekk servert middag med det same han kom frå skulen, og ein knapp time seinare sat han på bussen til Eid for å gå på rockeskule.

Vi hine heldt fram med skulearbeid og rolege inne-aktivitetar til det var på tide å fare på trening. Dei to yngste går på fotballtrening saman om onsdagane, og etter ein times trening får ungane bruke svømmebassenget i ein time. I mellomtida gjekk eg meg ein lang tur, mellom anna ut på Krumsvikneset. Vel heime kosar vi oss med kveldsmat og film saman med den heimvende rockaren.


Eg føler meg privilegert som har høve til å stoppe opp midt i veka og kose meg saman med ungane, lage middag og følgje opp leksene skikkeleg.

4 kommentarer:

  1. Artig at de lagar det ho ikkje er så glad i. Det plar eg gjere også. I tillegg går det lang tid før eg t.d. lagar pannekaker etter at studenten har reist ...
    Kos dykk på frionsdagane - den epoken er over for meg.

    SvarSlett
  2. Når Storegut er vekk, må vi andre ha tomatsuppe.

    SvarSlett
  3. Du har godeprioriteringar, eg er imponert!

    SvarSlett
  4. Hugsar at då du Margrete flytte heinfrå som sistemann, åt Nils og eg spekesild veldig ofte!

    SvarSlett