fredag 3. mai 2013

Bok 30 2013: "Adam og Eva" av Arto Paasilinna

I denne boka møter vi ein konkursramma mann som  finn opp eit batteri som kan endre energisituasjonen i verda. Han møter den alkoholiserte advokaten Eva, som hjelper han med å ta patent på oppfinninga.

Eg er stor fan av Paasilinna, men dette er den minst morosame boka eg har lese av han til no. Med unntak av den italienske leigemordaren, som er eit lyspunkt i forteljinga, saknar eg den heilsprø humoren frå dei andre bøkene eg har lese.

4 kommentarer:

  1. Det kan nok bli vanskelig å skrive i denne sjangeren i lengda. Dei aller fleste bøkene hans er utrulig morsomme.Ei av dei artigaste skal vere Den ulende mølleren ,
    den har eg ikkje lese.

    SvarSlett
  2. Den ulende mølleren er veldig morsom! Eller tragikomisk! Dumt at ikkje Adam og Eva var så bra, den har eg nettopp fått i gåve på cd.

    SvarSlett
  3. Min favoritt av dei eg har lese er Kollektivt selvmord. Tragikomiske er dei vel alle.

    SvarSlett
  4. Alt er relativt, Elin, og mykje kjem an på modus ein er i. Kollektivt selvmord er blant dei beste, men eg lo mykje av den med bjørnen, og den med "andre gamle ting".

    SvarSlett