torsdag 9. mai 2013

Sollidheida (570 moh) på Himmelfartsdag

I dag tok eg fri frå retting - ein skal trass alt halde kviledagen heilag, og eg hadde jobba mykje i går og kome heim temmeleg seint i natt.

Vegen opp til Folkestadsetra var opna, men ikkje så langt opp. Det vart derfor til at vi køyrde opp på Flote-sida av setra og gjekk stien langs vatnet over til hi sida. Turmålet var Sollidheida og Galten, som var del av utsikta frå kjøkenglaset i min tidlegare heim. Ikkje akkurat himmelfart, men fint og lett å gå tur no når snøen er vekke dei fleste stader i desse fjella.




2 kommentarer:

  1. Flotte bilde! I dag er veret dessverre ikkje etter meldingane her.

    SvarSlett
  2. I dag har eg berre gått tur etter vegane, iført lydbok. Mosjon må til i desse tentamenstider!

    SvarSlett