mandag 6. mai 2013

Sophie's Choice

Meryl Streep var favorittskodespelaren til systera mi då vi vaks opp, og eg var ikkje heilt overtydd. I mine auge var Streep noko fargelaus og tragisk. Etter mellom anna "Hunndjevelen" og "Mama Mia" har skodespelaren synt at ho har eit komisk talent i tillegg til det tragiske.

Då "Sophie's Choice" kom på kino, var eg for ung til å sjå den. Eg trur eg må ha sett den rundt 1990 ein gong, anten på tv eller video, og eg hugsar at den gjorde inntrykk. No har eg sett den på nytt, og eg synest framleis det er ein fantastisk film. Ikkje berre på grunn av Meryl Streeps karakter, men òg på grunn av dramaturgien, og på grunn av Kevin Kline. Sørstatsguten som møter det merkelege paret i Brooklyn er ein klassikar, og eg vurderer å vise filmen i undervisninga ein gong. Først må eg berre øve meg på ikkje å hulke høgt.

2 kommentarer:

  1. Eg trur eg må sjå filmen om att!

    Maryl Streep såg eg sist i Julie og Julia. Utruleg godt gjort!

    SvarSlett
  2. Elles må eg tilføye at Hjortejegeren gjorde eit sterk inntrykk på meg då eg sneik meg inn og såg den før eg var 18.

    SvarSlett