Så var det på tide med vinklubb igjen - ti damer samla til nydeleg vin og mat, hjarteleg latter og spennande prat. Eitt av dei heitaste temaa for kvelden var om og når vi skal reise på tur ilag - og tru det eller ei: det var ikkje eg som drog igang den debatten, sjølv om eg kanskje var inspirasjonskjelde...
lørdag 10. oktober 2009
Nok ein koseleg damekveld!
Så var det på tide med vinklubb igjen - ti damer samla til nydeleg vin og mat, hjarteleg latter og spennande prat. Eitt av dei heitaste temaa for kvelden var om og når vi skal reise på tur ilag - og tru det eller ei: det var ikkje eg som drog igang den debatten, sjølv om eg kanskje var inspirasjonskjelde...
fredag 9. oktober 2009
Gule og grøne skogar
Sjølv om dagen stort sett har gått med til hus- og skulearbeid, vart det tid til ein tur i skogsvegen med gutane mine og to nabogutar. Det er nydelege haustfargar innimellom regnbygene, men i dag har eg berre hatt veslekameraet, så det vart ein dårleg foto-fangst.
Aktivitetar i skogen i dag var for det meste fekting med greiner, klatring på steinar og klatring i tre. Det var dessutan morosamt å rope til kvarandre gjennom røret i elva. Enkel og billeg moro - og så sparar vi sikkert store summar på å sleppe å bruke rouge...
torsdag 8. oktober 2009
Då damene drog
Når ein flokk damer reiser saman, kan ein dyrke "dame-sida" i seg på ein heilt eigen måte. Derfor valde vi Mamma Mia då vi skulle kjøpe musikalbillettar. London har så mykje å by på at ein umogleg kan nå over alt. Dess fleire ein er, dess fleire innspel kan det kome. Det var derfor nødvendig for oss å dele oss opp. Fleire hadde vore i byen før, og det er litt trasig viss ein må gjere det same som ein har gjort fleire gongar tidlegare. Fire av oss reiste til dømes til Harrods, der eg har vore tre gonger før.
Diskusjon tek tid, og det kan vere greitt med ein plan på førehand. K hadde sjekka ut det meste om tog til og frå flyplassen og Windsor, og eg hadde bestilt musikalbillettar. Dette sparte oss for mykje tid medan vi var der.
"Höjdaren" på turen var, etter mitt syn , å gå og sjå Mamma Mia siste kvelden. Det var så morosamt, så god stemning i salen og så flott musikk og dans at ein vart i kjempehumør av heile framsyninga.
Som engelsklærar bør eg reise til London av og til for å halde meg fagleg oppdatert. Det synest eg i alle fall sjølv. På eitt eller anna tidspunkt har eg lova ungane at kvar av dei skal få vere med mora (meg) til London. Heldigvis har eg mange ungar.
I heimen hadde ungane rydda, støvsuga, vaska, tent lys og baka kake til eg kom heim. I bloggande stund ligg det ein liten venn i senga mi og ventar på at "verdens beste mamma" skal kome og legge seg. Det kan vere taktisk lurt å reise vekk av og til for å bli ønska velkomen attende - spesielt velkomen blir ein når ein dreg fram gåver og godteri...
Eldstejenta er kanskje den som har sakna meg mest, for ho har vore sjef i heimen medan eg var vekk. Kanskje sakna dei hine meg meir, forresten, for ho er ganske streng.
Neste gong eg reiser vekk, skal eg forresten lære henne å vaske klede først. Eg veit kva eg skal styre med resten av ferien, for å seie det slik!
Diskusjon tek tid, og det kan vere greitt med ein plan på førehand. K hadde sjekka ut det meste om tog til og frå flyplassen og Windsor, og eg hadde bestilt musikalbillettar. Dette sparte oss for mykje tid medan vi var der.
"Höjdaren" på turen var, etter mitt syn , å gå og sjå Mamma Mia siste kvelden. Det var så morosamt, så god stemning i salen og så flott musikk og dans at ein vart i kjempehumør av heile framsyninga.
Som engelsklærar bør eg reise til London av og til for å halde meg fagleg oppdatert. Det synest eg i alle fall sjølv. På eitt eller anna tidspunkt har eg lova ungane at kvar av dei skal få vere med mora (meg) til London. Heldigvis har eg mange ungar.
I heimen hadde ungane rydda, støvsuga, vaska, tent lys og baka kake til eg kom heim. I bloggande stund ligg det ein liten venn i senga mi og ventar på at "verdens beste mamma" skal kome og legge seg. Det kan vere taktisk lurt å reise vekk av og til for å bli ønska velkomen attende - spesielt velkomen blir ein når ein dreg fram gåver og godteri...
Eldstejenta er kanskje den som har sakna meg mest, for ho har vore sjef i heimen medan eg var vekk. Kanskje sakna dei hine meg meir, forresten, for ho er ganske streng.
Neste gong eg reiser vekk, skal eg forresten lære henne å vaske klede først. Eg veit kva eg skal styre med resten av ferien, for å seie det slik!
onsdag 7. oktober 2009
Den nye besetninga på Mamma Mia?
Sidan det var ei markering av brystkreftmånaden, kunne ein etter musikalen få teke bilete av seg sjølv saman med dei mannlege "stjernene" mot å gi nokre pund til den gode saka. Tre av oss vart så freista at vi heiv oss uhemma inn i armane deira - slikt betaler ein gjerne for, ikkje sant? Eg har vokta over polaroidbiletet, og no er det berre for dei andre å laste det inn på maskinene sine frå bloggen min. Eit genialt system. Originalen skal henge på Norskrommet (eg vurderer glasmonter og blitz-forbod).
Mini Me?
Belly dancing, anyone?
Eldstejenta og eg såg magedansarkostyma i Covent Garden i februar, og no ville ho gjerne ha eit slikt. Mannen på marknaden lurte på om eg skulle ha antrekket sjølv - DET skulle vel teke seg ut! (Eller så var det akkurat det det ikkje hadde gjort!).
What to do on Tuesday
Tysdag gjekk vi rundt og kika og shoppa på føremiddagen, før vi møttest ved Trafalgar Square og tok ein publunsj på Silver Cross. Eg valde, som sist eg var der, "today's pie and mash" og ein pint Gu
inness.Etter lunsj tok vi ein runde med turistbuss - det var ikkje så kaldt, men det var litt regn og vi fekk litt vind i håret.
Om kvelden hadde vi ein skikkeleg damekveld med Mamma Mia-musikal og eit lite avskilsmåltid på Leicester Square.
What to do on Monday

Fem av damene var inne i Windsor slott måndag, noko som var ei fantastisk oppleving. Å sjå så mykje rikdom og så mykje fantastisk kunst gjer eit sterkt inntrykk, men vi var òg einige om at mange av dei kostbare tinga er gyselege, og at rikdomen vitnar om at nokre har hatt mykje, medan "folk flest" har vore tyngde av skattar og avgifter for å finansiere det. På den andre sida ville ikkje det ha funnest så mykje vakker kunst dersom ikkje nokon finansierte det.
Byen rundt Windsor slott har eg vore i ein gong før (1996), og den er triveleg og har eit meir avslappa tempo enn London. Vi tok lunsjen i samla flokk, men delte oss seinare opp for å kike rundt i butikkar og slikt.
Nokre reiste til Notting Hill etter dei kom attende til London, medan K og eg tok ein tur inn til Covent Garden, før vi møttest alle til ein spasertur ved Themsen og middag på Leicester Square.
Quality Crown Hotel, Paddington
Med berre to og ein halv dag til rådvelde, er det greitt å ha planlagt effektivt på førehand. Det er lenge sidan vi bestilte hotell, og etter mitt syn er det heretter ikkje spørsmål om kvar ein skal bu når ein reiser til London (det kan hende "ein" reiser dit seinare òg, nemleg). Hotellet ligg rett ved Paddington station, der ein kan ta ekspresstog frå og til Heathrow på 15 minutt, tog til Windsor og undergrunnsbane til kvar-som-helst. Praktisk plassering med frokostservering inne på ein Garfunkel-restaurant - kan det bli betre? Ja, det kan det. Eine natta vart vi nemleg vekte av brannalarm. Noko må ein ha å klage på! Elles hadde vi kvart vårt rom med eige bad, det var reint og fint og det beste hotellrommet eg har vore på i London.
London ladies
søndag 4. oktober 2009
Ved avreise
I dag, søndag, reiser altså fem kollegavenninner og eg til London, så no blir det stopp i blogginga til eg forhåpentlegvis kjem att med rapport frå turen. Dette har vi sett fram til lenge, og eg håpar og trur det kan bli eitt av årets høgdepunkt.
Eg ønskjer framleis dei det gjeld ein fin haustferie!
Vi bloggast!
Eg ønskjer framleis dei det gjeld ein fin haustferie!
Vi bloggast!
lørdag 3. oktober 2009
Ikkje berre laurdagsgodt, men laurdags-KJEMPE-godt!

Eg har det med å få fikse idéar om alt frå teljing av skritt og bøker til krav om frisk luft og sunn mat. Siste vekene har eg prøvd å unngå det tradisjonelle laurdagssnopet, og erstatta det med god mat.
Vi eksperimenterer gjerne med oppskrifter, og i kveld vart det servert sjokolademuffins. Det geniale vesle trikset, som vi kom på til ein barnebursdag i mai, er å putte ein sjokoladebit i kvar muffin. I mai brukte vi vanleg mjølkesjokolade, men i kveld brukte vi "Smil".
"Syntest du det var gode muffins", spurde eg Minstemann. "Nei, ej vart so leide ta dei, for det smakte for mykje muffins", var svaret eg fekk. Men etter talet på tomme papir etterpå (her fekk eg noko å telje att) fall dei absolutt i smak!
Bok 57 2009: "Andrea D" av Margaret Skjelbred

Når ein har likt godt ei bok av ein forfattar, er det freistande å lese fleire når ein kjem over dei. "Gulldronning, Perledronning" var ei fin og spennande bok, og "Andrea D" han mange likskapstrekk både i komposisjon og skrivemåte. Problemet mitt blir då at det eg syntest var lyrisk og nyskapande i den første boka eg las, no berre verkar repetitativt og oppkonstruert. Eg greip faktisk meg sjølv i å herme etter lydboka når hovudpersonen for "ørtande" gong omtalar tvillingsystera som "min dråpe vann, mitt ett og alt, mitt Alfa og Omega".
Handlinga dreiar seg om to tvillingsystrer som les i ei svart bok på eit loft medan den senile mora er nede i stova. Ulike handlingstrådar vert etter kvart knytte saman. Historia er til tider ikkje så spennande som den kunne ha vore, men den kjem seg mot slutten.
Walking on sunshine
"Å hallo! Dette er som å trakke ned i smør!" Dette var min spontane kommentar då eg steig ned i eit par skor på Amfi i dag. Sjølvsagt kjøpte eg dei, sjølv om det sikkert ikkje er så smart å kjøpe nye skor til ein skal på tur. Og så kjøpte eg med ein pakke gnagsårplaster for sikkerheits skuld.
Eldstejenta og eg tok oss eit raid i dag, og vi besøkte også Besta/Besten, som sende med oss krabbe, hummar og plommesylte heim. Her blir det fest!
fredag 2. oktober 2009
Juhuuuu!!!
Tre gledelege ting i tilfeldig (eller er det kronologisk) rekkefølgje:
- Eg har fått ny jobb-data! Etter mitt førre innlegg om data på jobben kan de berre tenkje dykk korleis det kjendest då dataansvarleg på jobb kom og spurde meg om eg hadde lyst å ha med meg den nye PC'en min heim i ferien. No har eg ein jobb å gjere med å overføre ein del dokument og nett-favorittar frå Maskina (hokjønn, som de veit), men det ekstraarbeidet skal eg gjere med stor glede. Elevane kan sjå fram til ein ny giv i undervisninga mi etter ferien. Trur eg.
- Haustferien er i gang! Læraryrket er hektisk og slitsamt, og det er godt med ein pause innimellom. Elevane treng òg ein pause - mange av "borna mine" har hatt ein travel periode med prøvar og innleveringar i det siste. Mange lærarar arrangerer prøvar før ferien for å kunne rette i ferien. Sjølv har eg berre ein liten bunke med glosetestar å rette, men eg har trua med å lese mapper og setje karakterar på dei i ferien, så noko skulearbeid blir det på meg òg.
- Eg reiser til London saman med ein flott gjeng med kollegadamer på søndag! Vi har planlagt alt frå kva tog vi skal ta til kva veske vi skal ha. Det blir berre ein snartur, men det blir sikkert kjekt å oppleve såpass mykje ilag. Dei som har lese bloggen min ei stund, veit at eg er ein smule anglofil, og at det er min tredje Londontur på halvanna år. Nye lesarar fekk akkurat vite det.
torsdag 1. oktober 2009
The last resort (lyrics)

She came from Providence,
the one in Rhode Island
Where the old world shadows hang
heavy in the air
She packed her hopes and dreams
like a refugee
Just as her father came across the sea
She heard about a place people were smilin'
They spoke about the red man's way,
and how they loved the land
And they came from everywhere
to the Great Divide
Seeking a place to stand
or a place to hide
Down in the crowded bars,
out for a good time,
Can't wait to tell you all,
what it's like up there
And they called it paradise
I don't know why
Somebody laid the mountains low
while the town got high
Then the chilly winds blew down
Across the desert
through the canyons of the coast, to
the Malibu
Where the pretty people play,
hungry for power
to light their neon way
and give them things to do
Some rich men came and raped the land,
Nobody caught 'em
Put up a bunch of ugly boxes, and Jesus,
people bought 'em
And they called it paradise
The place to be
They watched the hazy sun, sinking in the sea
You can leave it all behind
and sail to Lahaina
just like the missionaries did, so many years ago
They even brought a neon sign: "Jesus is coming"
Brought the white man's burden down
Brought the white man's reign
Who will provide the grand design?
What is yours and what is mine?
'Cause there is no more new frontier
We have got to make it here
We satisfy our endless needs and
justify our bloody deeds,
in the name of destiny and the name of God
And you can see them there,
On Sunday morning
They stand up and sing about
what it's like up there
They call it paradise
I don't know why
You call someplace paradise,
kiss it goodbye
Hey! Teacher! Leave them kids alone!
For dei som må halde seg i nærleiken av meg i arbeidstida, har det etter kvart blitt vanleg å sjå meg få små og brå samanbrot med blikket mot ein skjerm som like brått går i svart. Som maskiner flest vert PC'en min hokjønn når ho ikkje virkar, og alt mitt profesjonelle tolmod forsvinn kjapt når eg ikkje får registrert fråvær, vist film, vist presentasjonar eller anna som eg likar å gjere i løpet av ein undervisningstime. Resultatet har blitt kjedelege undervisningsopplegg med lesing av tekstar, løysing av oppgåver, gjennomgang av dei same oppgåvene - kort sagt: gørr. I alle fall i lengda.
I dag skulle eg lage ein glosetest, men då vart maskina plutseleg vrang. Ho slo seg på, men så slo ho seg av att så snart eg hadde opna eit dokument. Etter tre kvarter på denne måten skulle eg ha ordenstime med klassen, og igjen var det uråd å kome inn på datasystemet fordi skjermen stadig gjekk i svart. Etter timen kom maskina på såpass lenge at eg fekk laga den glosetesten, og etter eit par anfall til fekk eg også skrive ut prøva. I alt kasta eg vekk meir enn halvannan time og ein god porsjon humør på den elendige pms-kjerringa av ei maskin (vel, det var å overdrive: eg er som kjent ein meister i multitasking, så eg høyrde sjølvsagt på lydbok det meste av tida, og rydda i papir resten).
Eg er blitt lova ei ny, og eg har lova elevane filmstudier opp og i mente. Enn så lenge får vi berre halde ut med kvarandre, elevane, maskina og eg.
Nokon som stussar over illustrasjonen, forresten? Eg har mi eiga "mobbegruppe" på facebook, og dei vart inspirerte av teikninga til Nummer 2 og ville kome med sitt inntrykk av meg som lærar. Eg veit ikkje heilt kva eg skal synast - anna enn at eg bør revurdere jobbgarderoben...
onsdag 30. september 2009
Boklansering i Ulsteinvik

I kveld tok eg meg ein tur til Ulsteinvik, der svogeren min hadde boklanseringsfest for si nyaste bok: "Himmelen over Shetland". Det var eit vellukka arrangement med mannskor, songinnslag og opplesing. Boka er ei dokumentarbok om lagnader under andre verdskrig, og fleire av "kjeldene" var til stades i salen. Det var fint og rørande å oppleve eit så interessert lyttande publikum, og eg ser fram til å få lese boka på sikt.
Lenkje til Systa sin blogg
mandag 28. september 2009
Bok 56 2009: "Uskyld" av Tracy Chevalier

Forfattaren er best kjend for romanen "Pike med perleøredobb". Den har eg ikkje lese, men eg har sett den nydelege filmen med Scarlett Johannson og Colin Firth i hovudrollene. Då ho skreiv den romanen, var Chevalier inspirert av måleriet med same tittel.
Då ho skreiv "Uskyld", var ho inspirert av ei utstilling på Tate galleriet i London. Forfattar og kunstnar William Blake opptrer i romanen, men meir sentrale er familien Kellaway, som flyttar frå Dorsetshire til London for å søkje lukka i 1792. Vi får følgje dei på pub, på sirkus og rundt i gatene, og her er mange interessante karakterar og hendingar undervegs. Handlinga er mildt sagt syltynn, og boka er ikkje det beste eg har lese i det siste.
Sidan eg er i London-modus, er det kjekt berre å høyre bydelsnamna nemnde. Litt synd berre, når det vert den største kvaliteten ei bok har. Eg kunne like godt ha hatt eit kart, kanskje, men det finst få kart som lydbok...
søndag 27. september 2009
Tre søte småbarn
Søndagsturen i dag vart ein tur i skogsvegen med hundane og tre av ungane (Nummer 3 var på overnatting). Vi var mellom anna i "Trollskogen" og leika gøyme-og-leite med hundane, gutane leika "krig i gamle dagar" og Eldstejenta fekk spesialundervisning i norsk grammatikk, som ho skal ha prøve i på tysdag.
lørdag 26. september 2009
Bendit
Nummer 3 deltok i dag på cup att - denne gongen på Volda stadion. Gamla stod ringside og heia i pøsregnet, men det var triveleg å møte kjende - spesielt folk "uta øyane" som eg ikkje ser så ofte. Laget, som er "gutar 9 år", gjorde det heilt greitt på cupen, med ein uavgjort (mot Ørsta), eitt tap (mot Tjørvåg) og ein siger (mot Åmdal). I den første kampen var Nummer 3 einaste jenta på banen, men det takla ho fint. Ein kan sjå på henne at ho tenkjer taktikk og plassering, og ho trivst best som forsvarsspelar.
Ein gong var vi på Folkestad då det var gutakamp, og Eldstejenta og ei venninne måtte steppe inn på gutalaget fordi dei var så få. Då Eldstejenta scora to mål, vart det frykteleg pinleg for det andre laget. Ho har no valt å slutte på fotball, fordi treningstidene kolliderer med dansetimane. Men ho er framleis Molde-supportar, og ho fekk ein billett til ein heimekamp i Molde 18. oktober av veslesystera. Det var ein av gratiseffektane som alle deltakarane på cupen fekk - i tillegg til T-skjorte og hårband.
På biletet ser de Nummer 3 i raud shorts - ho nekta å ha på seg joggebukse fordi ho berre skulle ha på seg Umbro-klede...
onsdag 23. september 2009
Med hjarta på rette staden
Nok ein frionsdag med regn og ruskevêr... dei to mellomste var på skulen i dag, og Minstemann var for det meste inne medan eg gjorde skule- og husarbeid. Ut på ettermiddagen gjekk eg tur med hundane i Brundalen og heim (Gubben kjørte meg til vegenden), og så reiste resten av gjengen til Folkestad på fotballkamp og trening.
Etter ei slik økt med uteliv kan det vere på sin plass med noko godt til kvelds, så eg tenkte eg skulle lage vaflar. Nummer 3 og Minstemann gjorde det meste av arbeidet både med å lage røre og å steike, og vaflane vart (som vanleg) verdas beste.
Råsarampen anno 1995 eller 1996
Jenta som er nummer 2 frå høgre, er "vennen min" på facebook. Dette skuleåret er ho utvekslingselev i USA. Jenta heilt i midten er russ i år, og Eldstejenta, som her sit ytst til venstre, har begynt på vidaregåande. Biletet vart teke ein gong desse ungane hadde leita fram att "lær-å-gå"-bilane sine og kjørte i flokk rundt i Hofsetråsa byggefelt i Ulsteinvik, der husa stod tett og det fanst mange ungar i same aldersgruppe. Eg fann biletet på Facebookprofilen til ho som er utvekslingselev, noko som tyder på at ho, og sikkert dei andre på biletet òg, tenkjer attende på den tida som fine barndomsminne.
tirsdag 22. september 2009
"Kjærlighet i koleraens tid" - no også på film

Eg las boka for ei tid attende, og no har eg kosa meg med filmen også. Ofte er det slik at ein ikkje blir så engasjert av filmversjonen av ei bok ein har likt godt, men denne gongen var det nesten omvendt. Boka var god, men filmen er berre nydeleg. Her er romantikk og kjærleik, gode skodespelarprestasjonar og fantastiske naturbilete. Sjølvsagt har eg sett filmen i einsame stunder - dette er nok ein damefilm (dette er ikkje eit politisk korrekt omgrep for tida, men lesarane forstår i alle fall kva eg meiner). Løp og kjøp - og ha gjerne ein boks Kleenex i bakhand...
mandag 21. september 2009
Eplekake
No skal eg ikkje påberope meg nokon hær av blogglesarar som har vore ute etter oppskrifta på plommekaka - det var berre det at "Besta" spurde, og så svarar eg like godt her. Det er verdas enklaste oppskrift, men min absolutte favoritt når det gjeld eplekake. Du finn den som "fin formkake" i Espelid Hovigs raudruta (side 558 i mi).
200 g margarin
og
2 1/2 dl sukker
rørast kvitt
Med mixmaster, for all del - K-spaden er fin
3 egg vert rørt i (eitt om gongen)
(røra brest litt undervegs, men det må ein berre late som om ein ikkje ser)
(det ordnar seg til slutt)
4 dl kveitemjøl
blanda med
1 ts bakepulver
vert tilsett
1 dl fløyte/mjølk vert rørt i
(det er framleis mixmasteren som arbeider)
Smakstilsetting: t.d. litt vaniljesukker, eple, sukker og kanel. Sist helg laga eg den med plommer, og no vurderer eg å eksperimentere med aprikosar e.l. ved neste raptus.
Steikast på 175 grader i om lag 45 minutt, i ei form på 24 cm.
(hugs å slå over til vanleg varme, så ikkje kaka vert steikt på varmluft :-) )
200 g margarin
og
2 1/2 dl sukker
rørast kvitt
Med mixmaster, for all del - K-spaden er fin
3 egg vert rørt i (eitt om gongen)
(røra brest litt undervegs, men det må ein berre late som om ein ikkje ser)
(det ordnar seg til slutt)
4 dl kveitemjøl
blanda med
1 ts bakepulver
vert tilsett
1 dl fløyte/mjølk vert rørt i
(det er framleis mixmasteren som arbeider)
Smakstilsetting: t.d. litt vaniljesukker, eple, sukker og kanel. Sist helg laga eg den med plommer, og no vurderer eg å eksperimentere med aprikosar e.l. ved neste raptus.
Steikast på 175 grader i om lag 45 minutt, i ei form på 24 cm.
(hugs å slå over til vanleg varme, så ikkje kaka vert steikt på varmluft :-) )
Bok 55 2009: "Alkymisten" av Paulo Coelho
Somme bøker er så omtalte at ein les dei med ei viss ærefrykt. Denne vesle boka er ei slik "oppskrytt" bok, og fleire enn eg har skrive at dei hadde forventa ein tung murstein av ei bok. 4 CD'ar og ei enkel forteljing i eventyrstil var i alle fall ikkje det eg forventa, men det er ei poetisk bok med mykje livsvisdom. Hovudbodskapen er at ein skal følgje si eiga historie; altså klisjéar som å lytte til hjartet sitt, tolke teikna rundt seg og ta dei rette vala. Så enkelt - men likevel så vanskeleg. Ei nydeleg bok som alle burde unne seg å lese.
søndag 20. september 2009
The best mom - but the worst teacher?
I kveld ville ungane teikne medan eg las til dei. På spørsmål om kva dei skulle teikne til meg, svara eg at dei kunne teikne meg på jobb, og så kunne eg henge teikningane på pulten min i morgon. Som illustrasjonane viser, har dei to mellomste eit litt ulikt syn på korleis eg oppfører meg i arbeidstida.
Det som uroar meg litt i så måte, er at Nummer 2 faktisk har vore med meg på jobb ein gong...
Vi var samla her i dag...
Eldstejenta vart med faren heim frå Volda i dag tidleg, til stor glede for store og små i heimen. Nummer 3 teikna ei fin teikning av henne som ho kan henge opp i leilegheita, og elles har vi kosa oss med Gubbens fårikål, kakerestar og filmar frå sommaren 2009. Sjølv har eg måtta jobba mykje denne helga, men det må til innimellom.
Når ho ser søskena sine så sjeldan, legg Eldstejenta merke til så mangt. Til dømes at den 12 år gamle broren snart er like "høg" som ho (ho er 155 cm). Det er ikkje godt å vite kven som endar opp som minst i familien til slutt!
lørdag 19. september 2009
Plommekake
Alt ein finn på for å sleppe å jobbe med skulearbeid heile dagen! Då gutane plukka inn ein del plommer av det gamle Victoriatreet, som knapt nok har blad, fann eg ut at eg skulle bake. Eg har ein tanke om at viss ein lagar noko godt, kan det erstatte snop på laurdagskvelden. Og kake er no godt? Oppskrifta er "fin formkake" i den raudruta kokeboka til Ingrid Espelid Hovig - enkel og grei oppskrift som eg ofte bruker til eplekake. I dag vart altså epla erstatta av plommer. På grunn av ein teknisk glipp (varmluft) vart kaka litt mykje steikt, men ho smakte godt saman med vaniljeis.
Lettkjøpt, men overbetalt
Dagens debutant
Nummer 3 har begynt å spele fotball ho òg, og i dag var ho på cup i Ørsta og spelte i heile tre kampar. Laget vann to kampar, mot Volda og Ørsta 5, og tapte mot Ørsta 4. Vår vesle snusfornuftige og ansvarsmedvitne spelar sjølvsagt i forsvar, og ho fortel at ho redda to mål då målvakta var vekk.
Abonner på:
Innlegg (Atom)