torsdag 24. januar 2008

Ballerina Girl and Billy Elliot



Torsdag er ballettdag. Eg avsluttar timen 13.20, tek 13.30-ferja heim og har middag klar til unge 2, 3 og ein kompis av nummer 2 når dei kjem frå skulen 14.20. Seinast 15.00 kjører vi til ferja att, og så møter Gubben dei på kaia på hi sida. "Ballerina Girl" har først ein time jazzballett i Volda - deretter kjører dei til Ørsta og har ein time klassisk ballett der. I mellomtida har "Billy Elliot" Hip Hop-time saman med kompisen, og dei blir kjørte heim av faren til kompisen etter å ha tatt ferja på eiga hand. Nummer 1 dansar både jazzballett og "contemporary", men ho styrer seg sjølv med buss og ferje. I haust opplevde vi å sjå alle dei tre eldste delta i ei danseframsyning. Nummer 3 gjorde dessutan ein heiderleg innsats i "Nøtteknekkeren" like før jul. Slike stunder gjer stresset i kvardagen uvesentleg, og pengane det kostar ein bagatell.

2 kommentarer:

  1. Naboen min kallar slike dagar turbodagar....

    SvarSlett
  2. Artig å lese kommentarane dine. Forrige torsdag var vi ein liten tur nordom grensa og besøkte Besta (og besten). Fekk då sjå video frå balletten. Vart imponert over nr. 3- kor konsentrert og flink ho var. Hels fam. og god helg. De må sjå innom oss når de er på tur. Eidabesta i Alleen

    SvarSlett