lørdag 12. januar 2008

Musikksmaken er som baken: heilt ræva


Norsk semifinale i Eurosong/MGP i Stavanger i går, og eg er heilt sjokkert. Kva er det med norske bidrag i denne konkurransen? Vi er liksom 10 år for seint ute med det meste. Når dei andre europeiske landa har droppa det kommersielt etniske kjem Noreg på banen med denne sjangeren, slik som i fjor, då vi kasta oss på latinobølgja som herja for ein heil del år sidan. Kvar er nytenkinga? Og kvar er sceneshowa? Kva skal vi med "syngende husmødre anno 2008"? Etter mitt syn var det berre ein verkeleg sceneartist og ein song med ein viss appell i går, og så gjekk den ikkje vidare ein gong. Det er berre å belage seg på å heie på Sverige i den internasjonale finalen i år, for Noreg blir neppe med.

3 kommentarer:

  1. Eg var litt seint ute, så eg høyrde berre frå nummer 3 og utover.Guten på bildet har eg verken hørt eller sett, for då dei køyrde "reprise" datt eg ut....Det seier vel sitt. Eg likte no bra dei to som vann, med unntak av at ho i svart ikkje song særskilt godt. VENTAR du deg nytenking i GP??? Min norske favoritt er framleis Samid Ædnan, tett følgt av ......Glam & Co. Hugsar ikkje namnet i farta.

    SvarSlett
  2. Guten på biletet er Nicholas Carlie, og alle songane ligg ute på nettet, sjå http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/322961

    SvarSlett
  3. Eg gidd ikkje å sjå dei innleiande rundene. Det vert noko langdrygt. Sørgjer framleis over at Jostein Pedersen ikkje skal kommentere. Austeuropeisk musikk kombinert med Per Sundnes, kan det bli verre. Grand Prix har misst sin sjarm!

    SvarSlett