torsdag 13. oktober 2011

Bok 76 2011: "Straffen" av Jan Mehlum

Dette er den første boka eg les om kriminalhelten Svend Foyn, men det er den nyaste romanen i serien. Noko bakvend lesing, altså, så mykje av den eventuelle sjarmen går meg hus forbi. I gode krimromanar har detektiven såpass mange særskilde karaktertrekk og/eller så interessant privatliv at dette gir boka ein ekstra dimensjon i tillegg til krimgåta, men eg fekk ikkje noko slikt inntrykk av Svend Foyn. Kanskje ville eg ha fått det dersom eg starta med den første boka og følgde han vidare.

Sjølve kriminalgåta er her litt spennande, men òg noko føreseieleg.

Eg trur eg vil gi forfattaren ein sjanse til, men denne boka imponerte meg ikkje.

2 kommentarer:

  1. Dei kjem kanskje i kategorien "kosekrim". Eg synest ironien og sarkasmane liknar på Staalesen ...

    SvarSlett
  2. Enig med Solveig der. Men dette er ikkje den beste boka hans. Eg synest det er typane som er litt artige. Og hunden Hulda.Elles dei snobbete kleda og drikkevanane.
    Og s¨synest eg språket flyt så lett og slentrande. Avslappingslitteratur.

    SvarSlett