onsdag 5. desember 2012

5. desember: fri og fri, fru Blom

Fri-onsdagen denne veka går med til retting. Litt klesvask og ein lang tur har det sjølvsagt blitt tid til, men eg sit for det meste med nasen ned i ein stadig minkande bunke med engelsktentamenar. I går sluttførte eg norskbunken frå førre måndag, og i bloggande stund har eg kome litt over halvvegs i engelskbunken frå i forgårs. Målet er å bli ferdig med den før neste norskbunke kjem inn komande måndag, men så spørs det om eg får unna den før jula set inn.

Det er eit herk med så mykje ekstra arbeid i adventstida, men langt betre enn å spare opp alt til romjula. Då skal eg nemleg berre kose meg og feire jul for første gong i eigen heim!

3 kommentarer:

  1. Ja, etter jula i fjor får vi håpe på at det blir rolegare på alle måtar i år.

    SvarSlett
  2. Ja, då var eg så kry fordi eg hadde retta ferdig alt før jul. Takk og pris, så slapp eg DET midt i alt kaoset! I år skal vi ha både vatn og varme uansett.

    SvarSlett
  3. Vi har ikkje tentamen før neste veke. Og etter fire år med tiandeklasser, kan eg gle meg til ein bunke mindre - eg slepp sidemål!

    SvarSlett