lørdag 1. desember 2012

1. desember: sykkeltur

Eldstejenta er på jobb, og Storegut spelar med bandet heile dagen. Vi hine har kosa oss med å lage den første figuren i adventskalenderen frå Redd Barna (kjøpt på Princess), og deretter tok vi oss ein tur i Mjeltvika medan det var sol og dagslys. Minstemann fekk testa ut den flunkande nye sykkelen, som han har kjøpt for bursdagspengar han har fått frå besteforeldre, tanter, onklar og kompisar.  Ikkje akkurat rette årstida for sykling, men sånn går det når ein er fødd ein månad før jul.



3 kommentarer:

  1. Kjekt at han har fått seg sykkel - uansett årstid!

    SvarSlett
  2. Den gamle fekk han til 6-årsdagen, trur eg, men han kunne ikkje sykle før i påska 2012...

    SvarSlett
  3. Eg fekk sykkel då eg var 8 år. Den hadde eg til eg var over 30 år.Det var andre tider-og andre syklar.

    SvarSlett