mandag 24. juni 2013

Briksdalsbreen i Olden

Søndag var vêret langt betre enn det meldingane hadde sagt, og vi la ut på tur til Briksdalen. Det var lettskya og mildt i Nordfjord, og den einaste staden det var litt kaldt, var oppe ved sjølve breen, der det er ein kald trekk frå isen.

Hesteskyssen er for lengst bytta ut med Troll-bilar, men vi valde sjølvsagt å gå til fots. Det er litt bratt i starten, men så flatar vegen seg ut innover der breen låg tidlegare. Sist eg var på dei kantar, var ein planleggingsdag det første året eg jobba på min noverande jobb, og eg vart lokka med på brevandring. Det hadde eg mareritt om lenge etterpå, forresten, så det var godt å berre ha ein kosetur med ei kvilestund på svabergfjella på veg ned att. Vi bur i eit vakkert distrikt med mange flotte turmål berre eit par timar unna stovedøra.




Dei blankskura svaberga var oppvarma av sola





Oldenvatnet

Originalt namn på ein båt, og dessutan mykje påskrift om kva ein kan oppleve ombord

2 kommentarer:

  1. Det er sant at det er mange turmål i kort avstand frå oss. I Briksdalen har eg vore, men der finst andre ...

    SvarSlett
  2. Dei ferjefri turmåla er lettast tilgjengelege, men eg har ein draum om å kome meg ut på Sandsøya/Kvamsøya.

    SvarSlett