torsdag 27. juni 2013

Eg må ha solbriller på

Sidan det var meldt sol i dag, la eg meg på verandaen med ei god bok. Sola kom etter kvart.

Når eg ligg på magen, les eg papirbok, medan det blir lydbok når eg solar fronten. No held eg på med to fascinerande bøker, så tida flaug medan eg steikte meg. Likevel vart eg noko rastlaus, og det vart ein liten tur i Brundalen og til Langevatnet, før eg klipte det meste av plenen ovanfor huset.

Hagen begynner å sjå betre ut, men no manglar eg nokre viktige delar på kantklipparane mine, så klippeprosjektet i oppkjørsla er mellombels avslutta. Det meste av prosjekt ser mellombels avslutta ut, når eg tenkjer meg om, og det har førebels ikkje vore freistande å leggje ut bilete. Då legg eg heller ut turbilete.
Ved Langevatnet


Utsikt frå Langevatnet mot Brundalen


Brundalen

Stadig nye byggeprosjekt på setra


2 kommentarer:

  1. Veldig fine turbilde. men det er no eit ork å drasse på det store apparatet då? Eller brukar du ryggsekk. Skulle ønske eg var i like god form som du.

    SvarSlett
  2. Eg har rumpetaske, den er stor nok til discman, kamera, mobiltelefon og drikkeflaske. Alt eg treng for å ha ein fin tur! Kondisen er ikkje på topp, og det der er ingen lang tur.

    SvarSlett