søndag 29. september 2013

Dagens investering for framtida

På ein grå septembersøndag var det tid for å tenkje framover. Dermed kom 100 blomsterlauk i jorda, med håp om ein fargerik vår i rosebedet. Det vart ein del arbeid med å fjerne ugras først, men det er forhåpentlegvis ei god investering å gjere eit grundig førearbeid. Eg satsa på einsfarga rosa/raude tulipanar og små påskeliljer av billegaste sort frå "Plantasjen", for eg har ei tru på at dei billegaste sortane er dei mest hardføre òg.

2 kommentarer:

  1. Det trur eg og. Men dei første tulipanane eg planta då vi budde i rekkehus formeira seg rikeleg. Det har eg ikkje opplevd sidan. Eg kjøpte fargeblandingar for eit par år sidan. Kjende ikkje att fargane frå posen. Det spelte inga rolle sånn sett, Men eg kjem til å halde på ein farge i kvar pakke i framtida ...

    SvarSlett
  2. Eg kjøpte nokre fancy sortar på postordre, men dei kom berre ein gong. Det var litt skuffande, må eg innrømme.

    SvarSlett