fredag 20. september 2013

Fredeleg fredag

Fredag etter jobb skulle eg handle inn til middag, hente Storegut, køyre heim, lage middag, køyre Storegut på kaia og evt hente han der etter kampslutt. Eigentleg hadde eg lyst til å sjå kampen òg, men det er grenser for kor mange gonger ein gidd å reise fram og attende i løpet av ein dag.

Alternativet som etter kvart vart bestemt, var at småungane fekk ferjepengar og beskjed om å reise over fjorden etter skuletid. Der kom eg og henta dei, og så henta vi Storegut og for deretter til ein nystarta restaurant i Volda. Den ligg der Kina-restauranten låg før, og på menyen står diverse pizzavariantar, kebab og liknande smårettar. Vi kjøpte oss ein pizza, og den var veldig god. Servicen var òg flott, så dit skal vi gå oftare! Etter maten har vi enda opp på hybelen til Storegut, og her slappar vi av med tv og data før kampstart. Slik får vi kvilt oss alle saman, vi slepp å reise fram og attende og vi får sjå fotballkampen og heie på Storegut og resten av laget.

Det er rart å vere i hybelen der Eldstejenta har halde hus siste åra utan at ho er med, og no må eg seie at eg saknar henne veldig og ser fram til å besøke henne og Venninna. 



3 kommentarer:

  1. Ser ut som om Storegut har det kjekt på hybelen sin. Heilt råflott med skinnmøblar og greier!

    SvarSlett
  2. Han var faktisk litt bekymra fordi der var "frykteleg rotete"...

    SvarSlett
  3. Ein gong unnskylda eg meg då naboungane kom på besøk, og eg syntest vi hadde det rotete. Då sa ei av dei:"Kom ned til oss så skal du få sjå VIRKELIG rot."(Vi budde ikkje her på Vallabøen då).Eg synest Storegut hadde det veldig fint, eg. Håper han ryddar sjølv.

    SvarSlett