onsdag 25. desember 2013

Bok 76 2013: "High Fidelity" av Nick Hornby

Nick Hornby er ein av forfattarane eg les med stor glede kvart år, når vi les utdrag frå romanen "About a Boy" og ser filmen.

Hovudpersonen i "High Fidelity" minner ein del om hovudpersonen i "About a Boy". Rob er ein 35 år gamal mann som ikkje vil bli vaksen, noko som ikkje er ei uvanleg problemstilling, og både kjærleikslivet og karrieren hans lid under dette. I byrjinga av boka har dama hans akkurat gjort det slutt med han, og han reflekterer over kva årsakene kan vere til at jenter/kvinner har gjort det slutt med han tidlegare. Han går så langt at han oppsøkjer dei for å finne det ut. Elles handlar boka mykje om musikk, i og med at han driv ein lite inntektsbringande butikk der han sel brukte plater.

Hornby skriv lett og humoristisk, men ein anar ein viss ironisk undertone i det heile.

1 kommentar:

  1. Eg veit at eg har hatt boka i hende, men hugsar ikkje om eg las den ferdig. Eg likar godt Nick Hornby, det er ikkje det, men somme av bøkene hans er berekna på eit mykje yngre publikum. Og eg er ikkje så godt inne i musikken han skriv om.

    SvarSlett