lørdag 28. desember 2013

Bok 78 2013: "Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap" av Alice Munro

Dette er den siste Munro-boka eg hadde liggande, etter å ha sikra meg ein bunke rett etter at det vart kjent at ho skulle få Nobelprisen i litteratur. Litt irriterande er det at eg likte denne mykje betre enn dei førre, men at eg no ikkje veit om det er fordi eg har vant meg til skrivestilen hennar, eller om det faktisk er tilfelle at novellene traff meg betre med omsyn til innhaldet. Heilt sikkert er det at tittelnovella var blant favorittane mine, og i tillegg "Queenie", som er den nest siste. Årsakene til at desse var favorittane, er at dei har det eg vil kalle ein underfundig undertone. Den første handlar om to unge jenter som begynner å skrive fiktive kjærleiksbrev berre på moro, medan "Queenie" handlar om ei ung jente som rømer frå familien sin for å gifte seg med naboen. I utgangspunktet blir ein nysgjerrige på korleis det kjem til å gå, og så endrar teksten seg til å bli noko meir enn berre ei forteljing, men blir noko ein tenkjer på etter at teksten er ferdig lesen.

Viss du berre skal lese ei novellesamling av Alice Munro, er dette den du bør velje blant dei eg har lese.


4 kommentarer:

  1. Denne likte jeg også veldig godt, og denne samlingen var mitt første møte med forfatteren. Siden har det blitt to andre novellesamlinger denne høsten av Munro. En forfatter som er for mer og mer sansen for.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lese fem novellesamlingar i haust, og denne likte eg aller best.

      Slett
  2. Artig å lese. Jeg har lest en bok av Munro, denne og jeg kom meg ikke gjennom den. Har lest 6 novellesamlinger i høst, og denne likte jeg minst av dem. Må prøve meg på en av novellene hennes. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Å lese ei novellesamling er litt annleis enn å lese ein roman. Kanskje bør ein berre lese ei novelle og deretter legge vekk boka, ikkje lese den frå perm til perm.

      Slett