lørdag 25. januar 2014

Sånn apropos KS

Lærarar landet over er i harnisk over forslaga til arbeidstidsordning. Ein skal forlenge skuleåret, oppheve leseplikta og gi lærarane kontortid på 37,5 time i veka.

Mange trur at lærarar har mykje fri, og det er sant. Problemet er at vi har mykje arbeid som skal gjerast i "fritida", og at dette ofte skjer utan at nokon andre enn våre næraste ser oss. Eg sit også denne laurdagen med vurderingsarbeid, men eg set pris på å kunne gjere det heime i fred og ro, ikkje etter sju timar undervisning, fordelt på mange dagar. Snart kjem særemna inn, og det betyr 45 timar arbeid berre på den bunken. Kanskje KS meiner vi skal rette i det som no er sommarferie?

1 kommentar:

  1. Eg trur det ville ha tappa oss for krefter og motivasjon, og ikkje minst vil berre diskusjonen gjere at ungdomar ikkje vert trekt mot yrket. Sommarferien er det store plusset ved yrket. Tek du vekk den, finst det mange betre betalte jobbar med same ferie.

    SvarSlett