fredag 16. mai 2014

16. mai

Siste skuledag for russen vart i dag markert på tradisjonelt vis på jobb, med fanebering, tautrekking, russe-rulling og fotballkamp mellom russ og lærarar. Nytt av året var at russen hadde spelt inn sin eigen russesong og laga dans til.

Vel heime vart det enkel servering og middagskvil, ein liten tur ut og ei bøtte kaffi før strykinga tok til. Sidan det berre er eg som skal ha bunad på i år, var det eigentleg fort gjort, men problemet mitt er senebetennelsen, som ikkje vil sleppe taket. Strykinga vart derfor delvis eit "venstrehandsarbeid" i år.

Storegut hjalp til med noko av klesstellet, og elles har vi eigentleg roa oss mykje ned, i og med at vi skal tidleg opp og feire nasjonaldagen på ein ny måte i morgon.


2 kommentarer:

  1. Lurer på korleis de skal feire dagen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Barnetog i Volda, folkefest på Folkestad. Amanda skal spele fire stader med korpset, gutane og eg får ta det litt etter innfallsmetoden.

      Slett