tirsdag 17. juni 2014

Bok 47 2014: "Potensgiverne" av Karin Brunk Holmqvist

Dette er ei lettlesen, lita bok om to eldre systrer som lever eit stilleståande og føreseieleg liv. Så får dei ein ny nabo, og brått begynner eit nytt kapittel i liva deira med postordresal av potensmiddel.

Ei morosam bok, kun for underhaldning, og heilt ok lesestoff i bilen når ein treng noko å lese som ikkje fordrar særleg tankeverksemd. Den litterære verdien er heller skral. At dette skal vere "boken alle snakker om!", er noko uforståeleg, om eg skal vere ærleg.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese denne boka, men synest ikkje den var så morsom. Heller litt teit, skal eg vere heilt ærlig. Der er fleire bøker i samme sjanger-som eg ikkje gidder å lese.

    SvarSlett
  2. Eg har lånt to til av same forfattar, mest for å ha noko kort og lett å lese. Historia kunne ha vore betre, med fleire sluttpoeng.

    SvarSlett