søndag 27. juli 2014

Charlie på postvegen






Endeleg kom vi oss ut på noko anna enn lokale rusleturar med hunden. Vi slit litt med bilsjuke, men i dag tok vi sjansen på å køyre opp skogsvegen til "Langedalsbroe" og gjekk deretter tur inn til fylkesgrensa. Fordelen med å gå der, er at der er naturleg vatn nesten heile vegen, og vi tok dessutan eit badestopp undervegs.

Vel heime sette vi oss på verandaen med kaffi og is, og då begynte eit utruleg rabalder. Vi såg sikk-sakk-lyn og høyrde torevêr lenge før det begynte å regne. Det regna først, så høljeregna det. Hagen har vore temmeleg tørr, så nedbøren kom vel med. Det vart eit spektakulært syn å sjå det heile frå den overbygde verandakråa!

Charlie sov seg gjennom heile rabalderet.

1 kommentar:

  1. Fine bilde! Her har vore full sol i dag. Det skuy over i kveldninga, men enno har det ikkje kome regn. Bulder høyrde vi og - kanskje frå Vartdal?

    SvarSlett