onsdag 2. juli 2014

Sandhornet/Blåfjellet 1060 moh

Sidan Minstemann skulle på besøk til ein kompis, spurte mora til kompisen om vi like godt skulle gå ein liten fjelltur ilag. Det syntest eg var ein god idé, og trua med meg flokken min på tur til det som i Dalsbygda vert kalla Sandhornet, men som på Folkestad heiter Blåfjellet. Fjell får ofte ulike namn alt etter korleis dei ser ut frå ei bygd. Det var nydeleg turvêr med overskya opphaldsvêr, vindstille og passeleg mildt etter kleda eg hadde på meg, i alle fall. Turen går litt bratt opp ei ur, men det er flott utsikt til fleire kantar når ein kjem opp.

Tusen takk for turen!







Duppeditt-generasjonen

2 kommentarer:

  1. Ja , her sit vi med kvar sin duppeditt ( eg har forresten med meg to) og ser på fine turbilde!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg veit eg høyrer til blant dei sære som stort sett berre styrer med duppedittar heime i stova...

      Slett