søndag 26. oktober 2014

Bok 88 2014: "Arsenikktårnet" av Anne B Ragde

Forfattaren vart svært kjend då "Berlinerpoplene" kom ut og vart ein stor suksess, men ho har skrive mange bøker innanfor fleire sjangrar. Eg har lese ein del av desse, men har heile tida hevda at "Arsenikktårnet" er hennar beste bok. Den las eg på ein tur til København i 2005, noko som høver godt sidan mykje av handlinga går føre seg i Danmark. Blant anna er Dyrehavsbakken nemnd fleire gonger i boka, og der var eg innom på turen min.

I boka "Jeg har et teppe i tusen farger", der Anne B Ragde skriv om mor si, går det fram at "Arsenikktårnet" er delvis biografisk. "Therese" og "Ruby" er i røynda Anne og mora, og dermed handlar mykje av "Arsenikktårnet" om mora og bestemora til forfattaren. Dette gjorde meg svært nysgjerrig, så eg fann ut eg skulle lese "Arsenikktårnet" på nytt, nesten ti år etter første lesing.

Eg held fast ved påstanden min om at dette er Ragde si beste bok. Både komposisjonen, karakterane og handlinga er svært gripande og spennande. Ho begynner i notida og arbeider seg bakover, og ein får innsyn i forkvakla forhold, kjærleik, manglande morskjærleik og mykje anna som gjer sterkt inntrykk. Karakterane er irriterande i notida, men ein får forklaring i fortida på korleis og kvifor dei er som dei er.

Det er vanskeleg å vite kva som er sant og dikting her, men det er eigentleg irrelevant. Eigentleg skulle eg ønske at det ikkje fanst biografisk stoff her, for då kunne ein slå seg til ro med at Ragde har god fantasi og er ein stor forfattar.

Konklusjon 1: ein bør lese både "Jeg har et teppe i tusen farger" og "Arsenikktårnet", helst i den rekkefølgja.

Konklusjon 2: det er betre å lese gode bøker om att enn å lese dårlege.

1 kommentar:

  1. Her er det berre ein ting å seie: ja, og amen til alt du skriv. Som du veit gjorde eg akurat som du, las den nyaste boka først o Arsenikktårnet etterpå- for andre gong.

    SvarSlett