torsdag 23. oktober 2014

Bok 87 2014: "Bulgari-forbindelsen" av Fay Weldon

Denne romanen vart kjend mykje fordi forfattaren tok imot eit pengebeløp frå smykkeforhandlaren Bulgari for å nemne firmanamnet i boka. I følgje ei lærebok eg bruker i eine engelskklassen min fekk ho betalt for å nemne det 12 gonger, men ho nemner det heile 35 gonger, og smykka er ganske sentrale i handlinga.

I boka møter vi eit skilt par, der han har forlate henne på grunn av ei yngre, meir attraktiv kvinne. Eks-kona har sete i fengsel på grunn av drapsforsøk på den nye kvinna i mannens liv, men får deretter eit uventa godt og rikt liv. For oss som har lese ein del tidlege Weldonbøker, er dette ikkje akkurat overraskande, men derimot kjent frå bøker som "En hunndjevels bekjennelser". Ein kan meine det vert noko klisjéprega, men forfattaren skriv svært underhaldande.

Eg slukte boka i ein jafs, så den må kunne seiast å vere lett å lese - og kanskje lett å hugse. Weldons karakterar er kanskje klisjéprega, men dei gjer eit visst inntrykk òg.

3 kommentarer:

  1. Hunndjevelen gløymer eg aldri- så viss denne har same kvalitetane, vil eg gjerne lese den ved høve.Akkurat no har eg mange bøker på vent.

    SvarSlett
  2. Eg lånte den i papirutgåve, i tillegg til dei første to bøkene av "Huset Dilberne" av same forfattar. Dei er truleg litt annleis.

    SvarSlett
  3. Min favorittforfattar på 80- talet!

    SvarSlett