søndag 9. november 2014

Bok 90 2014: "Den lange, hvite skyens land" av Sarah Lark

Settingen er London 1852. Unge kvinner frå dei britiske øyane, alle utan særleg lyse framtidsutsikter, reiser til New Zealand for å gifte seg eller ta jobbar som hushjelper. Nokre av dei vert skuffa, andre gjer det kanskje betre enn frykta og nye generasjonar vert fødde. Det er  problematisk med arrangerte ekteskap, og kjærleiken finn ofte sine eigne vegar. Vi møter fleire sider ved samfunnet i New Zealand, og boka er spennande og dramatisk.

Grensa er ofte tynn mellom "kiosklitteratur" og bestseljarar, og mellom drama og melodrama. Mykje i romanen er føreseieleg og klisjéprega, men boka er aldri keisam eller stilleståande. Dette er ei bragd når lydboka er på om lag 25 timar! Eg vil halde fram med å lese denne romanserien, for eg synest eg lærer mykje om New Zealands historie samtidig som eg syntest boka var spennande og dramatisk. Det er ikkje Nobel-materiale, men det er heller ikkje alltid nødvendig.

3 kommentarer:

  1. Det er ei stund sidan eg las denne boka no, men noko som er uvanlig er at eg hugsar mykje av den. Eg har også tenkt å lese oppfølgaren, kva den no heiter. Som du seier er boka på grensa til "bestsellersjangeren", men spennande og full av handling.

    SvarSlett
  2. Nummer to heiter "Maorienes sang", men den har eg ikkje funne på lydbok enno.

    SvarSlett
  3. Du får gripe tak i den om du ser den- og eg viss eg blir først.

    SvarSlett