lørdag 22. november 2014

Bursdagsfeiring på grendahuset

Laurdag feira Minstemann 11-årsdagen sin eit par dagar før tida, for kompisen hadde bursdag og mora og eg fann ut at vi skulle slå saman dagane og feire på grendahuset. Dei vart 13 til bords, og då hadde vi invitert alle gutane i 4., 5., 6. og 7. klasse. På menyen stod pizza, kaker, snacks, gelé og godteri, og det vart rikeleg av alt saman. Etter maten vart det leik både inne og ute - det er kjekt med ein opplyst ballbinge slike dagar. Mødrene rydda og vaska, og jubilantane verka nøgde med dagen. på menyen i kveld står det stort sett restar...


2 kommentarer:

  1. Smart å slå saman fødselsdagar. Gjestane hadde vel stort sett blitt dei same om det vart to feiringar?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var berre to dagar mellom bursdagane og omtrent dei same gjestane, så kvifor ikkje? Mødrene var i alle fall godt nøgde.

      Slett