fredag 14. november 2014

"Til ettertanke" med Veronica Akselsen

I dag fekk elevane våre sjå ei framsyning frå "den kulturelle skulesekken". Det var Veronica Akselsen med fleire som heldt ei framsyning med tekst, bilete, musikk og song, og temaet var korleis den norske staten har behandla taterfolket gjennom tidene. Det var ei gripande stund, og Akselsen snakka ein heildel om arbeidskolonien Svanviken i Eide, der eg var tidlegare i år, då det var fylkesmønstring i UKM. Eg synest dette er ein interessant og tabubelagt del av norsk historie som vi har godt av å lære meir om, og eg håpar elevane sat att med både kunnskap og kjensler etterpå. Akselsen framførte både tekst og melodiar med svært stor grad av patos, og det er ikkje lett å vite om denslags når fram til målgruppa.

7 kommentarer:

  1. Høyrest interessant ut, og sikkert flott song!
    Eg hugsar faktisk at vi hadde besøk av ein "reisende" som heldt foredrag for oss då eg gjekk på vidaregåande. Ordet splint skulle ut av språket.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synest songen er noko skjerande, men den går rett i sjela på ein og høyrest ut som den kjem frå hjartet.

      Slett
    2. Ein forstår at dei har sin eigen kultur.

      Slett
  2. Dei elevane eg snakka med i dag tidleg visste forresten ikkje kva verken "tater" eller "splint" betydde. Då eg prøvde meg med ei politisk korrekt forklaring om at dei reiser rundt frå stad til stad, var det ein elev som sa: "Åååå! Som en turné, also?"

    SvarSlett
  3. Reisende er vel eit dekkande ord sånn sett. Splint er godt ingen vert kalla, for etternamnet var gjerne pakk.

    SvarSlett
  4. read this post here j9a94e5h23 good quality replica bags replica bags thailand r4b26n7b07 replica bags dubai official website z4h41d8d83 replica bags india replica bags qatar additional reading n7i53h1v53 replica bags wholesale in divisoria

    SvarSlett