torsdag 2. april 2015

Påskelam

Ungane og eg har ikkje hatt så faste tradisjonar i påskeferien, verken når det gjeld mat eller aktivitetar. I år tenkte vi at vi skulle ha pinnekjøt, sidan det er lenge sidan jul og Rema hadde kjøt på tilbod. Det er enkel mat å lage, men det vart litt seint før det vart ferdig, sidan vi var på langtur først. Vi har ikkje handla inn så mykje pynt i år heller, så det var dårleg med bordpynt. Storegut tilbaud seg å halde ein lighter, sidan eg ikkje hadde laga til gule lys på bordet eingong. Serviettar hadde eg heldigvis på lager, og maten smakte godt, sjølv om vi sakna høgtidsstemning og gåver.

2 kommentarer:

  1. Hadde du kome innom her skulle du fått både lys og serviettar. Vi har flust opp.

    SvarSlett
  2. Vi har forskjellig som vi ikkje har leita fram. Det er ikkje så freistande å pynte når det ligg duppedittar, bøker og strikketøy på borda

    SvarSlett