tirsdag 31. mai 2016

Situasjonsrapport

Det er framleis eksamenstider i familien. Eldstejenta har heimeeksamen i Oslo, Storegut har hatt to norskeksamenar på VG3 og Veslejenta førebur seg til munnleg engelskeksamen i morgon. Sjølv har eg sete eksamensvakt i dag - truleg med meir empati enn mange år tidlegare. Eksamen er ein risikosport, ingen tvil om det.

Mellom slaga kosar vi oss med å sjå seriar på tv, gå tur med hunden, ete mykje god mat og fikse ting i huset som har lege på vent.

Minstemann, som har sitt siste år utan karakterpress, fekk to nye plakatar til rommet sitt i dag. Han har valt dei ut heilt sjølv, og også hengt dei opp. Rommet hans begynner å sjå meir ut som eit guterom, og Charlie blir med og poserer.

1 kommentar:

  1. Charley minner meg meir og meir om Freddy Mercury.Posøren ! Fint guterom! Og fin gut !

    SvarSlett