tirsdag 13. september 2016

Bok 74 2016: "Livet, til det betre" av Anna Gavalda

I denne boka møter vi tre unge menneske; Mathilde, Yann og Billie. Sistnemnde kjenner vi frå før, frå romanen med same namn. På lydboka er forteljingane lese av tre ulike opplesarar, noko som gjer det greitt å halde dei frå kvarandre. Problemet mitt var at eg gløymde forteljingane etter kvart, og at eg eigentleg ikkje likte tekstane så godt. Unntaket er forteljinga om Billie, som fekk meg til å ville lese romanen om henne på nytt. Ho er ein spennande karakter, medan Mathilde og Yann var relativt uinteressante.

1 kommentar:

  1. Trur eg skreiv noko liknande då eg hadde lese boka. Er heilt samd med deg.

    SvarSlett