fredag 16. september 2016

Bok 75 2016: "Alltid tilgivelse" av Anne B Ragde

Då "Berlinerpoplene" kom ut i 2004, var eg svært begeistra. Eg brukte romanen i fleire år som pensum på VG3, og elevane lærte mykje om spesielt synsvinkelbruk og komposisjon då dei analyserte boka. Dei to neste bøkene i serien hadde, etter mitt syn, ikkje den same litterære verdien, men det var no kjekt å lese om korleis det gjekk vidare med personane. Slik er det òg med den nyaste boka, men handlinga er svært triviell og føreseieleg. Torunn gjer det slutt med typen og får eit nærare forhold til onkelen, Erlend og Krumme lever vidare som småbarnsfamilie og bestefaren er på institusjon. Kort sagt er det lite spennande som skjer, og det kan verke som om Ragde har lyst til å skrive fleire bøker om familien berre for å dikte vidare om liva deira - ikkje fordi ho har noko viktig å formidle.

1 kommentar:

  1. Heilt enig med deg. Men eg fann no ein liten bodskap i boka, eg då. Ragde sa i eit intervju på TV at ho har planar om å skrive enda ei bok om familien. Eg synest det er rart at ein forfattar som har skribve bøker som "Arsenikktårnet"-og "Et teppe i tusen farger" kan skrive noko så trivielt som dette. Det er nesten som å lese min eigen blogg......

    SvarSlett