søndag 14. januar 2018

Ut med jula!

Denne veka har vi rydda ut jula. Siste post på det programmet var å skifte ut gardinene, og det gjorde vi i dag, etter å ha gått oss ein tur i sur vind på glatte vegar. Blomane får stå til dei sjølvdaudar.

Elles har veka vore prega av studiet mitt, i og med at eg var på første samling torsdag og fredag. Eg har no tenkt ut emne og ei førebels problemstilling, så no er eg klar til å begynne å lese meg opp på teori før forskingsplanen skal leverast om fire veker. Kvardagen er definitivt attende!

2 kommentarer:

  1. Det er kjekt å pynte til jul, men også godt å rydde vekk jula!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er noko fint med å begynne på eit nytt år òg.

      Slett