lørdag 13. januar 2018

Rundt Rotevatnet

Laurdag skulle vi til tettbygde strok i nokre ærend, og vi enda med å gå tur rundt Rotevatnet før vi besøkte besteforeldra. Turen er på nesten 10 000 skritt, men det er relativt flatt og passande for oss som likar å prate på tur.

Det vi ikkje hadde rekna med, var at det ikkje var sol på det tidspunktet vi var der, og at et var ekstra kaldt så nær vatnet. 7 kuldegrader kjendest, for å seie det slik.

1 kommentar:

  1. Ein gong Nils og eg skulle gå rundt vatnet-snudde vi fordi det vart så kaldt-på skuggesida. Men eg hugsar ikkje kva vi gjorde i staden.

    SvarSlett