onsdag 30. mai 2018

Møte i Hornindal

Tysdag kveld var partiet på tur til Grodås i Hornindal, snart ein utkant i Volda kommune. Vi var innom to bedrifter; ei Ekornesavdeling der dei laga møbeldelar og ei lokal bedrift der dei lagar våpen. Etterpå møttest vi på klubbhuset og hadde møte, der vi mellom anna diskuterte det utkastet til partiprogram som eg skreiv på laurdag og var i møte og diskuterte førre tysdag. Eg kan òg nemne at vi hadde gruppemøte måndag kveld, og at eg las sakspapir innimellom slaga i helga. Det er mykje som tek tid innanfor politikken, men det er spennande òg.

1 kommentar:

  1. Plakat på BOKMÅL i Honndalen, snart Volda kommune ? Innhaldet var OK.

    SvarSlett