søndag 1. juli 2018

Handle til hagen

I dag fekk eg endeleg att bilen, som har vore på tur til Trøndelag sidan torsdag. Både gut og bil kom heile heim, heldigvis. Sidan mamma hadde hinta i sosiale medium om at ho hadde lyst å handle blomar, og eg sjølv hadde rensa plass til fleire plantar i beda mine, tok eg turen til Ørsta. Der fekk eg is og kaffi og ein god prat før vi kom oss av garde.

I handlekorga mi hamna ein rosa rododendron, som no var halv pris på. Eg var spent på om det var sameleis som den eg planta i fjor, men det var det heldigvis ikkje. Den eg kjøpte i fjor var lysare rosa enn på biletet, og no håper eg den nye er litt meir knall. Bileta lyg veldig når det gjeld farge. I tillegg kjøpte eg ein rosa høstphlox, som er ein blome vi hadde mykje av heime i min barndom. Eg er noko sentimental for tida, jamfør kjøp av løytnantshjarte ved førre vitjing til hagesenter. Siste plante var ei raud rose. Det var minst to rosebusker som ikkje overlevde vinteren, så ein må fylle på med nytt. Neste rosekjøp blir til 22. juli. Ved inngangen til hagesenteret kjøpte eg dessutan ein sekspakning med sommargeorginer, og så tok eg med fem sekkar med mold.

Mamma hadde tatt av ein avleggar av salvie og ein gyvel til meg, så det drog gjennomsnittsprisen noko ned...

Då eg kom heim, angra eg litt på alle kjøpa. Det var steikande varmt, og då eg begynte å sprute vatn med hageslangen vakna kleggane til live. Alt kom i jorda, eit par stauder vart flytta og beda vart vatna rikeleg. Det er utruleg tørt når ein begynner å grave litt, så det måtte mykje vatn til.

Eg likar å styre i hagen, som nemnt før, sjølv om det kan vere eit Sisyfosarbeid å halde beda nokolunde fine. Her er ei mager leirjord frå naturens side, men eg gir ikkje opp å få plantene til å trivast, og eg gledar meg over alt som veks og trivst, bortsett frå at eg har eit noko anstrengt forhold til smørblomar.



1 kommentar: