søndag 3. februar 2019

Rettebunkar og vintervêr

Denne veka har det vore mykje jobbing. Eg fekk inn prøvebunkar både måndag, onsdag og fredag, så det vart mykje retting på kvelds- og helgetid. Lukka er å vere ajour før måndag! Nåja, det var å overdrive, men det er greitt å få det unna og rydde tid til andre aktivitetar i veka som kjem.

I tillegg til jobb har eg denne veka møtt studentane eg skal ha framover, og dei verka veldig greie. Eg skal dele dei med ein medielærar, så dei blir mest opptekne med musikalproduksjonen no før vinterferien.

Det blir ikkje tid til alt ein har lyst til, men nokre turar i nærmiljøet ryddar eg tid til. Laurdag gjekk Charlie og eg til Mjeltvika i strålande sol, og det gjorde ekstra godt. Eg likar at det kjem meir dagslys og sol, men snøen og isen kunne eg godt ha vore forutan. Det er kuldegrader kvar dag, og straumprisane er rekordhøge, så det har kome godt med at Minstemann vann den store sekken med ved i haust. Eg er ein skikkeleg frostpist, spesielt når eg sit stille og jobbar. Den beste kuren mot frysing er likevel aktivitet, og eg synest det er veldig greitt å jobbe heime og ta seg ein runde med støvsugar, gå seg ein tur eller sette på ein klesvask som pauseaktivitet. Då får ein fart i blodomløpet, og held seg både varm og klårtenkt.

Masteroppgåva mi har eg ikkje tenkt på på ei stund, men mot slutten av komande veke vert det kanskje høve til å kose seg litt med den. Først skal alle bunkar delast ut, elevar skal snakkast med og timar skal haldast. Jauda, eg likar jobben min.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar