fredag 10. januar 2020

Ferjeprat

Den store snakkisen i området her for tida er det nye ferjetilbodet. Saka har fleire sider, og det mest negative er at rutetidene er endra. Sjølv om vi ikkje har fått den nye el-ferja, er rutetidene no lagde opp slik at ein har berekna lading ved kai. I staden for å få to ferjer i timen det meste av dagen, er rutene no slik at det går minst 40 minutt mellom kvar avgang. Dette fører sjølvsagt til mykje frustrasjon blant pendlarar som får forlenga opphaldet på "hi" sida med relativt mykje. Med tanke på at venterommet på Voldasida er ein container og at der ikkje finst venterom på Folkestad, seier det seg sjølv at dette er ei forverring av kvardagen for mange.

Den andre endringa med ferja etter nyttår er prisane. Før nyttår var fullpris for bil over fjorden 93 kroner, medan ein vaksen person betalte 37 kroner. Med rabatt var prisane 46,50 og 31. Sidan skilnaden mellom person og bil var såpass liten, har svært mange av oss teke bilen over fjorden, uansett om vi kunne ha gått. Det er trass alt mykje dårleg vêr og mange bratte bakkar i Volda. Etter nyttår steig prisane på bil over fjorden til 126 kroner fullpris, og 63 kroner med rabatt. Personar går gratis. For mange er dette nok ei auka utgift, medan andre vil spare. Dei som hittil har gått på Voldasida, har ofte hatt månadskort på om lag 800 kroner.

Sjølv har eg ein bakke opp til jobb som tek 10-12 minutt å gå. Eg likar ikkje å kome sveitt, våt og forblåst på jobb, men ved nyttår tenkte eg at eg faktisk kan spare store summar på å gå til jobb og møte. Eg er ofte over fjorden to gonger på ein dag, og det blir ganske dyrt viss eg skal bruke 126 kroner tur-retur kvar gong eg skal på jobb eller anna. Oversikta på Autopasskontoen min viser at eg til dømes i november betalte om lag 2200 kroner i ferjeutgifter, då medrekna billett til Minstemann dei dagane han reiste på same ferje som meg.

I bloggande stund har eg klart meg fem arbeidsdagar utan å ta med bilen. Dette har i praksis betydd nokre ekstra minutt om morgonen for å ha tid til å parkere, og nokre minutt ekstra på hi sida. Det har vore frykteleg mykje regn, hagl, lyn, torden og vind desse dagane, så motivasjonen har ikkje vore heilt maksimal, men eg har til og med takka nei til tilbod om skyss. Første dagen på jobb hadde vi organisert kompiskøyring, men etter det har eg gått - fleire dagar saman med Minstemann, som før er blitt køyrd til døra. Eg har ikkje sete aleine meir enn ein gong under overfarten, og eg har kome i snakk med fleire eg ikkje har kjent frå før. I tillegg har eg sjølvsagt prata med medpassasjerar - ofte om ferjeruter og ferjeprisar. Når eg underviser siste time, til 15.10, når eg ikkje ferja 15.20 utan at eg spring frå klasserommet før det eigentleg er slutt på dagen, så då må eg vente til 16-ferja. Elles er 7.45-ferja framskunda til 7.40, så det er inga stor endring. Smartklokka viser store utslag i trimnivået, og eg satsar på at bakkane blir kortare og flatare når det lid utover våren.

Viss eg hadde gått til og frå jobb i november, ville eg ha kunna klart meg med eit månadskort, så ein kan ikkje automatisk seie at eg vil spare 2000 kroner månaden på å gå no. Det vert òg litt feil å seie eg sparer 126 kroner per ferjetur eg går, sidan eg aldri har hatt så store ferjeutgifter. Eg har bestemt meg for å tenkje at eg har hatt eit forbruk på om lag 500 kroner veka på ferje, og så kan eg rekne differansen som sparte pengar. Ei eg kjenner har tenkt å sette beløpet inn på ein eigen konto for sparte ferjeutgifter, det var ein god idé. Sjølv trur eg at eg skal bruke sparte midlar på å kjøpe gode skor og ein ny parkas.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar