torsdag 7. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 4

Dagen i dag gjekk med til arbeid, kort fortalt. Eg hadde ein del å ta att av elevarbeid som skulle lesast, og så var eg tilgjengeleg og svara på spørsmål frå den klassa som arbeider med avsluttande munnlege presentasjonar i norsk. I tillegg laga eg oppgåver til komande heildagsprøver. Då klokka var nesten 15, gjekk eg meg ein tur ut med hunden for å "lufte vetet" før pressekonferansen klokka 16. Det viste seg at den var utsett til klokka 18, så då sette eg meg til med masteroppgåva eg les korrektur på.

Regjeringa hadde pressekonferanse klokka 18, som annonsert, og dei opnar no for at elevar på alle skular og klassetrinn skal kunne kome attende allereie i neste veke. No ventar eg berre på melding frå leiinga om kven som skal attende, kva tid og til kva timeplan. Så får vi snu rundt på ein femøring og gjere det beste ut av situasjonen. Eg har kosa meg med heimekontor, men for mange elevar blir det sikkert veldig kjekt å møtast att. Personleg håpar eg på delvis retur til skulen, til dømes for å avvikle prøver i avgangsfag. Vi har over 500 elevar, frå sju ulike kommunar, og mange av dei må reise med buss og/eller ferje for å kome til skulen. Nokre tek medisinar som gir dei nedsett immunitet, andre er i risikogrupper på grunn av sjukdomar. No er det lite smitte i området her, men det kan fort snu når folk begynner å reise og leve som normalt att.

Etter nesten åtte veker heime har eg ikkje blitt frykteleg mykje sprekare, og i alle fall ikkje lettare, så no skal eg ta meg saman og kome i meir aktivitet fram mot sommaren. I postkassa i dag låg eit blad som heiter "I form", som eg har teikna abonnement på eit halvt år framover. Tanken er å bli inspirert til ein sunnare og betre livsstil, og helst gå ned nokre kilo. Viktigast er det å bygge opp att kondisen, såpass eg kan fungere betre reint fysisk og orke meir på sikt. Då eg opna bladet, var der ei liste over ting som kunne betre humøret. Punkt nummer fire var å vaske vindauga, for då vart ein så lukkeleg etterpå. Då let eg att bladet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar