lørdag 16. mai 2020

Niande koronaveke, dag 5

I utgangspunktet skulle eg ikkje på jobb denne dagen, og eg hadde derfor tenkt å rette heildagsprøver. I siste liten vart det bestemt at eg skulle ha klassens time, altså måtte eg eins ærend til tettbygde strok for å møte klassen 12.00-12.45. Eg var ikkje berre blir for dette, men det var veldig kjekt å sjå dei att. Denne gongen var det vg1-elevane eg møtte, og dei såg ut til å ha hatt det bra, sjølv om dei tydeleg sette pris på å møtast att.

Etter klassens time sette eg meg til å laste ned gårsdagens heildagsprøver og lagre dei i ei mappe på maskina mi med nye filnamn, slik eg plar gjere når eg rettar. Eg har brukt programmet Easy correct i eit par år, så det er lenge sidan eg har skrive ut ein bunke og retta på papir. Alle slike vanar kjem godt med i desse tider.

I 14.30-tida gjekk eg på nytt inn på eit møterom på jobb for å delta i eit digitalt møte, denne gongen i ein barnehage.

Etter møtet var Minstemann ferdig med sin første skuledag på eit par månader, og eg køyrde han på besøk før eg vende nasen heim.

Heime venta ei overrasking. Veslejenta har gått mykje heime siste vekene, og ho ser mykje på diverse bloggar, Instagram og youtube. Noko av det ho har fatta interesse for, er nokre ryddevideoar som handlar omkorleis ein kan lage system og få det finare. På måndag kjøpte vi ein plastboks og ei trekasse på Jysk som vi putta ting i etter å ha rydda kjøkenbenken. I dag, då eg kom heim, hadde ho rydda det skrekkeleg rotete skapet under kjøkenvasken. Ho hadde mellom anna hengt opp dunken for matavfall, som vi har hatt ståande oppå kjøkenbenken, og laga til ei søppelbøtte til restavfall, som eg har hatt hengande i ein pose tidlegare. Eg har vore skeptisk til søppeloppbevaring i kjøkenbenk etter ein uheldig episode med mus i ein tidlegare heim, men dette ser veldig bra ut. Ho heldt fram med å rydde i bestikkskuffa, og eg var blid som ei sol - heilt til eg oppdaga at ho lagar ein ryddeblogg sjølv, der ho viser bilete og fortel om kor skrekkeleg det såg ut før ho rydda. Det var den husmoræra.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar