søndag 14. februar 2021

My funny Valentines


Fredag hadde eg fri. Eg brukte noko av dagen til å rette og handle, deretter henta eg ungdomane på kaia og det vart tacofredag for første gong på lenge. Laurdag gjekk vi oss ein tur i Mjeltvika, og seinare reiste vi til Eid og gjekk på kinarestaurant. Elles blir det ein del strikking mellom slaga, og biletet viser kor langt eg har kome i høve til den genseren eg har frå før. Å strikke erme var ikkje så kjekt, for eg må følgje med og telje så eg aukar passeleg ofte. Dessutan var det ubehageleg å strikke med fem pinnar, og ikkje så behageleg med den vesle rundpinnen heller.

2 kommentarer:

  1. Eg synest du er veldig flik som har strikka så mykje. Håper du ikkje har kjøpt for mange pinnar. Du kjøpte til meg og eg har rikeleg av sorten, men litt vanskeleg å få distribuert dei.Eg fekk nesten lyst å strikke fleire Riddarigenserar-eller helst eit anna mønster.

    SvarSlett
  2. Ein annan gong kan du strikke ermane først-det er kjekkare.

    SvarSlett