onsdag 23. juli 2025

Tur til Raudeberg, Refviksanden og Måløy

 Eg har lenge snakka med mamma om å reise ein tur til ytre strok. Foreldra mine budde på Raudeberg i tre år då dei var nygifte, og mamma jobba på skulen der. Begge søskena mine vart fødde i denne perioden, og dei er døypte i kyrkja på Raudeberg. Pappa hadde ulike jobbar i Måløy og på Raudeberg, og dei hadde ikkje bil. Måløybrua var heller ikkje bygd enno, så ein måtte ta ei ferje for å kome ut til Måløy og Raudeberg. 

Vêret har vore nesten plagsomt varmt i mange dagar, og denne dagen var det over 30 grader i Måløy- På Refviksanden var det mykje folk, og det var vindstille og varmt i sjøen. Eg lokka mamma til å vasse litt, berre for å ha gjort det. Ho hadde ikkje bada på Refviksanden sidan ho var gravid og skulle ha bror min, som vart 60 år sist haust. 

Vi var ikkje så mykje ute av bilen, berre ved kyrkja og på Refviksanden, men så for vi til Måløy for å gå på café. Det var ein del styr for å få parkert (eg er glødande motstandar av betalingsparkering, ikkje minst etter denne turen), så det enda med at eg sette av dei to andre og køyrde til ein parkeringsplass der det var mogleg å setje frå seg bilen og betale for seg på normalt vis. Eg hadde den aktuelle appen frå før, så eg kunne nok ha funne ein parkeringsplass nærare caféen, men som turist opplevde eg det heile som kaotisk.

Vi fekk nydeleg mat og god service på "Havfruen", som eg hadde søkt opp på nett på førehand. Etterpå spurte eg om det var stemning for å sjå meir, men det var i grunnen nok aktivitet i varmen. Inne i bilen hadde vi aircondition på heile tida, så det var den mest behagelege plassen å vere- 

Alle var samde om at det var ein kjekk tur - eller som vi plar seie i min familie: "så gjekk no den stunda". 

Tre generasjonar på tur

Mamma og eg åt denne salaten med reker






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar